Nynorsk redaktørpris til Nana Rise-Lynum
Under redaktørgjeringa til Nana Rise-Lynum held Norsk Barneblad fram med å ta barn på alvor, skapa engasjement, lese- og skriveglede, heiter det i grunngjevinga for Nynorsk redaktørpris.Norsk Barneblad er eit av dei eldste barneblada i verda, og torsdag 10.oktober fekk redaktøren, Nana Rise-Lynum Nynorsk redaktørpris i 2024.
Prisen vart delt ut av Mediemållagets leiar Berit Rekve, med denne grunngjevinga:"Då Nana Rise-Lynum tok over som redaktør, stod både bladet og medieverda elles framfor den digitaliseringa som vi no har levd med ei god stund. Likevel våga ho å satsa på vidare på det fysiske papirformatet. Ho har bidratt til fornying, både i innhald og formgjeving, noko som òg har vist seg gjennom at bladet fekk prisen for beste design av Norsk tidsskriftforening i 2021.
Denne tildelinga er litt annleis enn dei andre prisane vi har delt ut. For første gong går prisen til redaktøren for ein publikasjon som rettar seg mot barn. Å laga journalistikk og lesestoff på nynorsk for barn er viktig språkleg leiarskap. Det skapar språkleg tryggleik og nye nynorskbrukarar.
Under redaktørgjeringa til Nana Rise-Lynum held Norsk Barneblad fram med å ta barn på alvor, skapa engasjement, lese- og skriveglede. Slik har ho greidd å både vidareføra ein stolt tradisjon i den nynorske skriftkulturen og å ta bladet inn i vår tid."
Prisen var ein diplom og ein stor og fin blomebukett.