Tidsskrifta må sikrast framover

Kulturrådet bør endre praksis når tidsskrift får avslag på søknad om støtte, meiner Norsk tidsskriftforening, Kritikarlaget og Tekstallmenningen. Men dei går ikkje inn for å legge all støtte til Medietilsynet, sjølv om fleire tidsskrift blir «avisifiserte», skriv Bente Riise i Klassekampen.

Den 21. mai skreiv Magne Lerø innlegg om at Samtiden i 2024 mista støtte frå Kulturrådets ordning Tidsskrift og kritikk, og at Medietilsynet kan overta pengepotten og tildelingane om ikkje Kulturrådet kan lage meir transparente kriterium og grunngjevingar for tildelingar og avslag. 

I februar skreiv vi, det vil seie Norsk tidsskriftforening, Kritikarlaget og Tekstallmenningen, eit brev til Kulturrådet og bad om ei endring av praksisen med avslag. Å miste all støtte like før eit nytt budsjettår, utan ei nedtrapping over fleire år, eller få ei grunngjeving for avslaget, kan vere katastrofalt. Det blir for uføreseieleg, og i verste fall må ein gje opp, slik vi har sett fleire døme på. Tidsskrifta Historie, Nordnorsk Magasin og andre finst ikkje lenger. Eit tidsskrift er ikkje eit eittårig prosjekt, det blir utgitt i år etter år. Om ikkje Kulturrådet har ressursar til å grunngje alle avslag, burde dei likevel ha ein praksis med kommunikasjon med søkarane, slik at dei får vite kvifor ein mister støtte, som i Samtidens tilfelle var 860 000 kroner. 

Medietilsynet og Kulturrådet har ulike innretningar og formål, og vi trur at det framleis bør vere eit skilje mellom dei to og kva dei skal forvalte av støtteordningar for publikasjonar. At fleire tidsskrift blir «avisifiserte» og dermed kan få mediestøtte, er noko anna enn at alle tidsskrift innan t.d. kunst og kultur bør inn under dei same vilkåra. Dei bør ha eigne ordningar, og vere ein del av Kulturrådets ansvar, sjølv om tildelingane derifrå p.t. ikkje strekk til. 

Det store problemet er at tidsskrifta får alt for lite støtte. I fjor bad vi om å tilføre 30 millionar kroner til tidsskrift og kritikk. Kulturdirektoratet har bedt om 18 millionar for 2025. Tidsskrifta har lenge vore underfinansierte, og for mange er det prekært. 

Kulturådsleiar Sigmund Løvåsen og utvalsleiar Ida Habbestad svarer her den 27. mai at den sentrale utfordringa er «at tidsskriftene stadig havner i et vakuum mellom kulturpolitikken og mediepolitikken». Dette sluttar vi oss til. Tidsskrifta blir ikkje tatt med i mediepolitikken og heller ikkje i utgreiingar om ytringsfridom. Dette er ei neglisjering av eit stort og viktig felt som har overlevd mot alle odds. Vi ber difor om at gode krefter både i politikk og forvaltning ser det skrikande behovet og tar grep. Tidsskrifta er garantistar for eit kritisk offentleg ordskifte på ei rekke felt innan kultur, politikk og samfunn, og dei er umistelege. Norsk tidsskriftforening har nett gitt ut boka Det skal vera tid, Det skal vera skrift. Tradisjon og trøbbel i norske tidsskrift. Her finn ein kunnskap og argumentasjon for å løfte heile feltet. 

 

Bente Riise
generalsekretær
Norsk tidsskriftforening

 

Powered by Labrador CMS