Liker du biletkunst, litteratur, teater eller andre kunstuttrykk? Kanskje film og foto, dataspel og musikk?
Tidsskriftet Jaja søker deg som vil anmelde kunst og kultur!
- I prosjektet "Nye stemmer om kunst og kultur" skal vi bygge opp nye stemmer som kan bidra til offentleg debatt og kritisk refleksjon, med vekt på kunst- og kulturkritikk, sier Tora Hope, redaktør i Jaja.
Som deltakarar i prosjektet får du:
- Kursing og rettleiing i å lage god kunst- og kulturkritikk
- Dekka kost, losji ved behov og reise
- Gratis billettar til kulturarrangement
- Moglegheit til å bli bidragsytar i Tidsskriftet Jaja etter prosjektet
Deltakarane skal:
- delta på kritikkseminaret 27. - 28. april i Dale i Sunnfjord
- levere minst ein kritikk av ei kunst- eller kulturoppleving til Tidsskriftet Jaja innan 1. mai 2024, i valfritt format (tekst, lyd, film, etc).
Prosjektet er for ungdom og unge vaksne frå 16 til 36 år som er:
- interessert i kunst og kultur
- likar å skrive eller formidle
- har lyst å utvikle formidlingsevnene sine saman med andre
Vi oppmodar personar med minoritetsbakgrunn til å søke og legg gjerne til rette for ulike behov.
Ingen krav til erfaring.
For å delta melder du interesse til forteljesenteret@jakobsande.no innan 2. april 2024. Avgrensa plassar. Skriv kort om kvifor du vil delta og litt om deg som søker.
I søknaden fortel du kvifor du ønskjer delta i programmet, litt om deg sjølv og interessene dine!
P.S: Er du ikkje målgruppa? Tips gjerne nokon du kjenner.
Prosjektet er støtta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Se Kritikarseminaret i Fjaler - Facebook.