Pressemelding frå Regjeringa 21.10.2026
Rekordmange norskspråklege tidsskrift får støtte
49 norskspråklege vitskaplege tidsskrift får no støtte frå staten for dei neste fire åra. Det er det høgste talet nokon gong.
– No blir endå meir viktig, norsk forsking tilgjengeleg og gratis for alle. Dette bidreg til openheit, kunnskapsdeling og tillit til norsk forsking. I tillegg bidreg ordninga til å styrke norsk som fagspråk, seier forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap).
Regjeringa ønsker å gjere norsk forsking meir tilgjengeleg, både i og utanfor akademia. Støtteordninga for opne, norskspråklege tidsskrift er frå og med utlysinga for perioden 2027–2030 utvida til å gjelde medisin og helsefag, realfag og teknologi, i tillegg til humaniora og samfunnsvitskap. Ordninga har også blitt utvida frå tre til fire år.
Målet er både å sikre publisering på norsk av høg kvalitet, og å støtte tidsskrift som ikkje sjølve kan dekke kostnadene ved open publisering. Slik kan forsking finansiert av fellesskapet bli gratis tilgjengeleg for alle.
I statsbudsjettet for 2027 foreslår regjeringa å styrke ordninga med 3,5 millionar kroner, til totalt 15,5 millionar kroner årleg. Tidsskrifta kan søke om inntil 550 000 kroner i årleg tilskot.
Mange søkarar
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar ordninga. I perioden 2024–2026 har 42 tidsskrift fått støtte. For perioden 2027–2030 er det 49 tidsskrift som får støtte. Det var 73 tidsskrift som søkte i år.
– Det er ny rekord, med over 20 prosent fleire søknader enn i førre runde. Det viser at behovet for ordninga er stort og aukande, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.